AP sviker arbeiderklassen
april 19, 2017
Endringar i Ikjefjord og Massnes 1950 – 2015
april 26, 2017
Show all

Partipolitisk mangfald

Leiaren i Firda 4.5.17 føretek ei god oppsummering av listene for stortingsvalet 2017. Grunnen til at det oppstår stadig nye parti er at dei etablerte partia på stortinget ikkje representerer folkemeininga. AP, SV og SP styrer etter EØS avtalen der EU bestemmer lovene og det meste i Noreg. Det same gjer Høgre, FRP, Venstre og KRF. Desse partia er så kunnskapslause at dei ikkje klarer å styre Noreg på ein berekraftig måte. Dei må alltid støtte seg på konsulentutgreingar eller at det er noko EU har bestemt. For oss som meinar Noreg skal styrast som eit fritt og sjølvstendig land, så er det meiningslaust å stemme på nokon av desse partia. Firda nemner også at fleire småparti har forsvunne etter ei stund og tek Kystpartiet som eit døme på dette.

Kystpartiet vart starta i 1999 på stortingsmandatet til ei tverrpolitisk liste i Nordland der Steinar Bastesen vart valt til stortingsrepresentant i 1997. I 2001 vart Bastesen valt inn for Nordland Kystparti, og Kystpartiet hadde over 45000 stemmer på landsplan. Dette vart mislikt av Senterpartiet som her såg ein sterk konkurent. Straks etter valet vart Steinar Bastesen sjuk og det vart strid i Kystpartiet om kven som skulle lede partiet. Det enda med at Nordland Kystparti delte seg i to, og Bastesen vart ikkje gjenvald i 2005. Uten stortingsrepresentant og med strid om kven som skulle lede partiet vidare gjekk det nedover. I 2012 vart partikontoret nedlagt, det vart ikkje ført medlemslister og rekneskapen låg eit år etter med godkjenning.

I 2016 kom Dan Odfjell med tilbod om å finansiere Kystpartiet og få Steinar Bastesen attende som leiar. Og at me skulle kalle partiet Alliansen Kystpartiet. Det var også fleire frå andre småparti som ville vere med i Alliansen. Dette forsøket forliste på landsmøte til Kystpartiet. 1. og 2. oktober 2016. Med ei stemme meir vart Nordlendingen Per Roger Vikten valt til leiar og Odfjell trekte finansieringsstøtta til Kystpartiet. Så fekk Hans Jørgen Lysglimt Johansen støtte til å starte partiet Alliansen. Seinare har me fått vite at Vikten melde seg ut av Kystpartiet i 2009 for så å melde seg inn i Senterpartiet. Og er no andre vara til stortinget for Nordland Senterparti 2013 – 2017. I desember 2013 melde han seg innatt i Kystpartiet og har vore sterkt delaktig i den sabotasjen me no har forstått Senterpartiet har drive mot Kystpartiet.

Når så Vikten vart attvald til leiar i 2017 utan å legge fram rekneskap for 2015 kom me som har vore med i Kystpartiet Sogn og Fjordane til at dette kan me ikkje vere med på lenger. Eg stilte meg derfor til disposisjon for Alliansen under den forutsetning at eg kunne bruke mitt eige program som er det same som Kystpartiet har. Det fekk eg, og dersom Firda hadde lese litt til på lista til Alliansen så vil ein sjå at Piratpartiet er på andreplass. Alliansen er derfor godt igang i Sogn og Fjordane, og har eit fullverdig program. Me burde også hatt med oss Helsepartiet og Pensjonistpartiet fordi dei er så like oss at me kan gå i ein Allianse. Hordaland Kystparti har valt ein annan strategi. Der er Steinar Bastesen toppkandidat. Me får håpe me kan møtast på stortinget og inngå ein Allianse der.

 

1. kandidat, Alliansen, Sogn og Fjordane

Asbjørn Massnes, 5962 Bjordal