CARLSON OG ALLE ANDRE
august 22, 2017
Hykleri og dobbeltmoral med et smil
august 29, 2017
Show all

NÅR DEN BLINDE SKAL LEIE DEN HALTE

Dette var ordtaket eg med ein gong tenkte på då eg las i avisa Nationen at Miljøpartiet de grønne sin talsperson, Une Eina Bastholm, vil ta Senterpartiet og Per Olaf Lundteigen i klimaskule. Når den blinde skal leie den halte brukar det ikkje å gå bra. MDG er fullstendig blinde i trua på at klimaet er styrt av mengda co2 i lufta. Mens SP haltar i veg om at det er fossil co2 som gjev klimakrise og fornybar, såkalla grønn co2 har ingen verknad på klimaet.

Begge teoriar er feil. Co2 mengda i lufta har ingen innverknad på klimaet eller temperaturen på jorda i dei mengder me her snakkar om 0.037% av lufta ved +25 grader celsius. Oppvarminga av jordkloden er det sola som står for. Det er den som skaper energien i stormane saman med jordrotasjonen og fordampinga av vatn som fører til regn og flaumar. All co2 ut over den normale mengda på 0.037% blir teken opp av vegetasjon, vatn og jord. Den lagrar seg også i isbreane. Det er grunnen til at det kan målast co2 i iskjerneprøver fleire tusen år attende.

Derfor hopar ikkje co2 seg opp i atmosfæren slik dei som trur me no har ein klimakrise påstår. All vegetasjon tek opp co2. Det er ikkje berre skog slik enkelte påstår. I havet tek algane opp co2. Denne prosessen der vegetasjonen tek opp co2 fører til at vegetasjonen produserar oksygen som folk og dyr er avhengige av. Lufta består av 78% nitrogengass, 21% oksygen og 1% andre gassar der co2 utgjer 0.037%. Der er nok mange på Stortinget som hadde trengt å lære litt om kordan naturen fungerar.

Me har eit anna ordtak som seier at været er det ingen som kan styre. Men dei fleste partia på stortinget har likevel noko dei kallar for klimapolitikk. Etter 30 år med påstandar om global oppvarming, havstiging og land som skal forsvinne i havet er ingenting av dette skjedd. Havstiging og temperaturauke er på desse 30 åra knapt målbar. Klima er det same ubereknelige som det alltid har vore. Dette trass at det er brukt hundrevis av milliardar på klimatiltak utan målbar effekt.

Hadde  norske politikarar og FN brukt desse milliardane til å begrense den største trusselen me har mot miljøet på jorda som er overbefolkning, så kunne me vore sparde for dei tragediane ved den migrasjonsbylja me ser no frå overbefolka områder på jakt etter eit betre liv.

 

Førstekandidat Alliansen, Sogn og Fjordane

Asbjørn Massnes, 5962 Bjordal