Hvorfor jeg stemmer på Alliansen
september 11, 2017
Show all

TRUSSELEN FRÅ OPPDRETTSLAKSEN?

I Sogn Avis 14.02.18 har ein del elveigarar og Sogn villaksråd eit lesarinnlegg der dei viser til at lakseoppdrett er ein trussel mot villaksen med måten det vert drive på. Dei prøver og å vere belerande overfor lakseoppdrettarane. Som alt anna kan oppdrettsnæringa også bli betre og dei driv heile tida med utvikling av å få lukka anlegg og unngå rømming og luseangrep. Som elveeigarane også skriv vil oppdrettarane tene på dette. Men det er ikkje rett at dette er teknologisk løyst. Det er kun på forsøksstadiet.

Kva så med elveeigarane? Det er no dei som har øydelagd lakse og aureelvane med å få dei utbygde for vasskraftproduksjon. Her hovar dei inn pengar. Også kommunar, fylke og stat gjer det. Og dei er ikkje villige til å bruke noko av milliardane dei tener på å gje elvane og sjøen attende det dei treng for å retta oppatt økologien.

Her set elveeigarane i glashus når dei prøver å kaste stein på lakseoppdrettarane. Sagt på ein anna måte så prøver elveeigarane å peike på flisa i auga på oppdrettsnæringa uten å sjå bjelka i sitt eige. Når elvane i utgangspunktet er så øydelagde at ein må drive eige klekkeri for i det heile å ha ein smoltproduksjon så er det ein innrømmelse av at elva er øydelagt for laks og aureproduksjon.

Når elveregulanten så slepper ned vatnet om vinteren i fjordane og ikkje om våren slik ei uregulert elv gjorde før kraftutbygginga. Så fører det til at lakselusa no får gunstige forhold om våren. Når elvane rann fritt så var det eit tjukt ferskvasslag på Sognefjorden i mai som laksesmolten gjekk lusefritt ut i havet på. Også fjordauren sto i dette ferskvasslaget om sommaren for å unngå lus.

Databerekningane frå Havforskningsinstituttet om at nær 80% av utvandrande smolt i fjor ikkje overlevde grunna lusepåslag er kun det, ei databerekning. Smolten som kreperte i Lærdalselva då kraftprodusenten plutseleg stengde vatnet så smolten vart liggande på land, er fakta. Dette vart tilfeldig oppdaga og dokumentert. Kor mange slike tilfeller som skjer i regulerte elvar me ikkje får vite om er uvisst.

Skal me behalde villfisken i Sognefjorden så må me få ferskvasstilførselen til fjorden slik den var frå naturen si side med vårflaum og stor vassføring om sommaren.

All vårgytande fisk i fjorden er avhengig av dette næringsrike vatnet for å overleve. Elveeigarane må slutte å gje oppdrettsnæringa skulda for det dei ikkje er skuld i. Dei må sjå til å feie for eiga dør og få vatnet og vårflaumen attende i elvane sine, så vil nok fisken vere attende som før.

 

Leiar Aliansen Sogn og Fjordane

Asbjørn Massnes, 5962 Bjordal