Dette er overskrifta på eit lesarinnlegg i avisene frå administrerande direktør i NHO, skattedirektøren, leiaren i LO og ein del andre høgtløna leiarar. Det er ikkje vanskeleg å seie nei til svart økonomi for dei fleste som også desse leiarane viser til i lesarinnlegget. Så viser dei til at det likevel er analyse som viser at det blir undrege minst 40 milliardar årleg i skattar og avgifter til staten i form av svart arbeid. Kva er det som får ellers lovlydige borgarar til å gjere slikt? Dei erfaringane eg har med dette er at folk som berre har ei vanleg løn synest dei har betalt nok når dei har betalt skatt av inntekta. At dei på toppen av det av dette skal måtte betale ein ekstraskatt på 25% moms på dei pengane dei alt har betalt skatt av er urimeleg. Derfor ber dei om å få utført nødvendig vedlikehald og utbetringar på bustaden momsfritt. Ellers hadde dei ikkje hatt råd å fått vedlikehalde bustadene.
Det er no ellers ikkje måte på til skattar og avgiftar me har i Noreg. Eigedomsskatt, formueskatt, bilavgifter, drivstoffavgifter, elavgift, CO2 avgift, bompengar, sukkeravgifter, NRK avgift, miljøavgifter i alle variantar osv. Og så betaler me moms av avgiftene. Dette er kanskje ikkje nokon vanske for folk som er høgtløna direktører og stortingsrepresentantar med rundt ein million i løn og oppover. Men for vanlege løner, minstepensjonister og uføretrygda, som direktørane og stortingsrepresentantane synest får for mykje pengar frå fellesskapet, er dette alvor. Stortingsrepresentantane og direktørane som også er løna av fellesskapet med millionløner yter ingen skattepengar til fellesskapet. Det blir ikkje meir pengar til felleskassen ved at ein først tek ut ein million for deretter å betale det meste attende i form av skattar og avgifter. Tvert imot. Det som skaffar pengar til felleskassen vår er produksjonen vår der me kan selje varer til utlandet. Og slik at me kan unngå å måtte importere for mykje varer som vil gje undersskot i statskassen.
Blir så skatte og avgiftskronene som produksjonen vår innan jordbruk, skogbruk, fiskeri, skipsfart, turisme og industrien nytta til fellesskapets beste? Nei, det er heilt meiningslaust at stortingsrepresentantane og direktører meiner dei må ha tre til fire gongar meir frå fellesskapskassen enn kva dei meiner minstepensjonistane og uføretrygda treng. Dertil kjem sløset med skatte og avgiftskronene som er så stort, og lista så lang at dei fleste stortingsrepresentantane og direktørane som er ansvarlege for dette skulle vore sett rett i fengsel og betalt bot for misbruk av skattepengane.
Eg skal her berre nemne byggeskandalen på stortinget som snart nærmar seg ein milliard i overskriding. Og gaskraftverket på Mongstad som kosta to milliardar å bygge. Så vedtok stortinget å bygge eit CO2 renseanlegg til 25 milliardar. Dette renseanlegget på Mongstad fekk dei aldri til å fungere. Gaskraftverket har aldri vore lønsamt og er no vedteke nedlagt. Når stortinget og direktørane kan stå ansvarleg for mange slike samfunnsskandaler. Så er det vesle svartarbeidet som blir utført i bustader rundt om bagatellar. Hadde stortinget fjerna momsen så ville svartarbeidet også forsvinne.
Førstekandidat for Alliansen Sogn og Fjordane
Asbjørn Massnes, 5962 Bjordal