SEI NEI TIL SVART ØKONOMI
juni 26, 2017
CARLSON OG ALLE ANDRE
august 22, 2017
Show all

BØNDER ER MATJORDVERSTINGAR

 

Dette er forside oppslaget på avisa Nationen 15.06.17. Bøndene bygde ned 22% av matjorda som forsvant mellom 2004 og 2015. «Vi kommer aldri til å nå målet om ikke landbruket selv bidrar seier landbruksinisteren». No er det vel ein gong slik at det er bøndene som har dyrka opp all matjorda me har i landet. Og har ein her rekna med kva bøndene har nydyrka i 2004 til 2015? Kanskje er reknestykket omvendt då? No har også regjeringa, stortinget og landbruksinisteren gjort det ulønsamt å dyrke meir matjord. Matjorda går no mange stader ut av produksjon. Beitepussaren er det som er den mest lønsame å bruke på matjorda.

Les også i Nationen 17.06.17 at i klimameldinga til regjeringa så slepte landbrukssektoren ut 4.5 millionar tonn CO2 – ekvivalentar i 2015. Samtidig bandt landbruket 24.3 millionar tonn. Etter dette reknestykket bind norsk landbruk 19.8 millionar tonn CO2 i året. Har så landbruket fått betalt for dette positive bidraget til CO2 binding? Nei, her er ikkje mykje klimakvotepengar å hente. Slikt set ikkje journalistane fokus på, det som er negativt for bøndene sel mykje betre.

Eg les også ein liten notis i Nationen 29.06.17 at EU treng nye inntekter når Storbritannia går ut av EU. Kommisær Gunter Oettinger meiner at inntektene av klimakvotesalget då må gå til EU-budsjettet, ettersom kvotesystemet er felleseuropeisk. Det står også at dette vil kunne ramme Noreg hardt. Noreg ventar å få milliardinntekter i det europeiske kvotesystemet ETS i åra som kjem. Det må no vere på tide å få slutt på denne klimakvotesvindelen. Her sel EU klimakvotar etter same modell som den katolske kirke selde avlatsbrev til truskyldige folk som låg for døden, slik at dei skulle komme i himmelen. No skal ein kjøpe klimakvotar for å redde jordkloden frå å bli oppvarma. Som me ser av dette så skal no pengane av klimakvotesalget gå til å  oppretthalde millionlønene i EU systemet. At folk stilltiande finn seg i å bli svindla på denne måten forundrar meg. Gong etter gong svindlar leiande myndigheiter befolkningen dei er sett til å tene. og i denne saka sviktar også den fjerde statsmakt journalistane fullstendig i å avsløre svindelen.

 

1.kandidat Alliansen Sogn og Fjordane

Asbjørn Massnes, 5962 Bjordal