Venstre har eit lesarinnlegg i Sogn Avis 31.07.17 om at dei manglar politikk for fjordane. Det er svært bra at Venstre vil ta tak i dette. Men det er ikkje berre Venstre og SV som har gått mot deponi av gruveavfall i Førdefjorden. Det har også Raudt og Alliansen Kystpartiet gjort. Men det er kun Venstre og SV som har vore i posisjon til å politisk kunne hindre at regjeringa gav løyve til gruveavfallsdumpinga.
Når det gjaldt skadane av vasskraftutbyggingane og steindumpingane i fjordane så er Alliansen Kystpartiet åleine om å klage på dette og setje saka på dagsorden. Underteikna tok opp skadeverknadane av vasskraftutbyggingane med brev til fylkeskommunen alt i 2002. Og med fleire lesarinnlegg i avisene. leiaren i noverande Sognefjorden Vel. Torbjørn dale har også hatt fleire lesarinnlegg i avisene om dette. Me har utveksla ein del kunnskap og erfaringer om fjordane opp gjennom åra som enda med ein konferanse; «Fisketom Sognefjord?». Alt av ekspertar og forskarar på fjorden var på konferansen. Kunnskapsløysa var påfallande. Dette førde til at me starta Sognefjorden Vel, for å auke kunnskapen om fjordane.
Når det gjeld å få frigjeve dokumenta om ubåtsenkinga i Sognefjorden i 1972 er også Alliansen Kystpartiet einaste partiet som arbeider for å få denne saka opplyst. Kvikksølvubåten ved Fedje er det heller ikkje nokon av partia på stortinget som vil gjere noko med. At det derfor er mange som har mista trua på politikk og miljøetatane, og at dette aldri vil bli rydda opp i før det kjem ei ny istid er berre rimeleg.
Det einaste partiet som i ei årrekke har teke tak i desse sakene er Alliansen Kystpartiet. Derfor stiller me også til val i år for å gje veljarane eit alternativ til kunnskapsløysa, likesæle og hemmeleghaldet frå dei andre partia.
1. kandidat Alliansen Sogn og Fjordane
Asbjørn Massnes, 5962 Bjordal