BØNDER ER MATJORDVERSTINGAR
juli 16, 2017
NÅR DEN BLINDE SKAL LEIE DEN HALTE
august 22, 2017
Show all

CARLSON OG ALLE ANDRE

Jo Heinum som set på eit kontor i stortinget og svarar på e-postar frå heile landet for AP, meiner at Gunnar Carlson tek feil når han og mange av oss andre meiner formue og eigendomskatten hindrar at det blir skapt nye arbeidsplassar. Nei Carlson har heilt rett. Eg har skapt min eigen arbeidsplass og har alltid hatt så mange oppdrag at eg kunne hatt fleire i arbeid. Men har ikkje ansett folk grunna at eg då ville fått eit stort rekneskap med utlønning og arbeidsgiveravgift, formue og eigedomskatt på maskinar og bygningar. Eg fann det enklast å kun vere sjølvstendig næringsdrivande. Jo Heinum og alle andre som meiner det er viktig å betale formue og eigedomskatt bør snarast sette i gang som arbeidsgjevar. Skaffe seg maskinar og bygningar slik at det blir rikeleg med skattekroner i felleskassen. Det må vere betre enn berre å skulde på at det er dei andre som betalar for lite.

Eg kjenner ingen som ikkje vil betale skatt av overskotet av inntekta si som meiner me skal ha ein del offentlege tjenester som helse, skule, samferdsel osv. Men feilen med formue og eigedomskatt er at den skal betalast sjølv om ein ikkje har overskot. Det vil føre til at bedrifter kan gå konkurs og arbeidsplassar forsvinn. Det er heilt urimeleg å betale skatt når ein ikkje har overskot. Det er ikkje mangel på skattepengar i felleskassen. Det er måten desse pengane blir brukt på som er feil. Det som gjer at skular, sjukehus, eldreomsorg, vegar osv. får for lite pengar er at politikarane brukar opp pengane på støre løner til seg sjølv. Og prestisjeprosjekt som operaen, gasskraftverk på Mongstad med påfølgande månelanding. Me har byggeskandalen på stortinget, rovdyrkostnader, Landa, ei DAB+ utbygging som er unødvendig og så dyr at me ikkje får vite kostnadane. Feilslegne IT satsingar som er så dyre å drifte at ein må sette det ut til lågprisland er eit skandaløst døme på skattepengesløs. Lista er så lang at å påstå at det er eigedoms og formueskatt som må til for å løyse samfunnsoppgavene er urimeleg.

Det er ingen som kan vise til konkret tilfelle der formueskatten har gjeve ein einaste sjukeheimsplass. I tillegg kjem urimelegheita at utlendingar som eig norske bedrifter slepp formueskatten. Når så partia på stortinget og regjeringa tilset ein stadig aukande mengd byråkratar som kun driv med å sende e-postar til folk så blir det ikkje fleire helsearbeidarar av det. Desse personane burde istaden vore tilsette i helse og omsorgstjenester, då hadde dei gjort nytte for lønna.

 

Førstekandidat Alliansen Sogn og Fjordane

Asbjørn Massnes, 5962 Bjordal