Partipolitisk mangfald
april 26, 2017
Norske verdier
Alliansens Verdiprogram
april 29, 2017
Show all

Endringar i Ikjefjord og Massnes 1950 – 2015

Etter oppmoding skal eg prøve å skrive litt om endringane eg har sett i Ikjefjorden og Sognefjorden sidan midt på 50-talet og fram til no.

Eg er fødd 02.01.50 på Massnes, eit flatt nes som stikk ut i Sognefjorden ca.300 meter, og er ca.2000 meter langt. Det ligg ca.2000 meter øst for utløpet av Ikjefjorden og øst for Massneset svingar Sognefjorden opp på vikane. Massnesvika, Sørevika og Åkersvika før fjorden svingar utatt rundt Åkre og Svartemyr ved utløpet av Fuglsetfjorden ca. ei mil lenger øst.

Eg har fiska frå eg kan hugse. 5-6 år gammal sto eg åleine på svaberga å fiska ganderoter, flaskeroter, rau og blågommar, ål, marulk og berggylter. Om hausten fiska eg haustmort. Til agn var albogeskjell, strandsnegler, blåskjell og til ål brukte eg spekesild. Redskapen var rogntroe med gøtt og ein angel til å tre agnet på. Det vart mykje fisk på kattane.

Matfisken vart på 50-tallet teken på dorg før østenden av Massneset, også kalla krossen. Dette var Sognefjordens beste fiskeplass. Det kom båtar frå Ikjefjorden, nordsida av Sognefjorden og Høyanger for å fiske her. Hovudmengda av fisken var pale på ca. 1-2 kilo og stor lyr. Dette fisket var best om sommaren og hausten. Helst om kvelden når det hadde vore solgangsbris, austavind om morgonen og vestavind om kvelden. Då rann straumen tungt ut i fjorden og den pressa brislingen opp i overflata. Dette fisket var eit eventyr. Me drog fisk heile tida og fisken var oppe i overflata med sporen over heile området, mengda fisk var heilt utruleg. Me såg ingen nedgang i bestanden kor mykje som vart fiska. Fisken var feit med mykje lever.

Ellers fiska me med trollgarn etter torsk. Det var tradisjon med fersk torsk på veslejulafta. Me fekk alltid torsk til jul. Om våren fekk me gytetorsk. Om sommaren fiska me aure og makrel på Massnesvika med garn. Me fekk ein del aure. Den sto oftast heilt i sjøloket og måsen kunne vere ei plage med å hakke på desse. Makrelen kom ca. 20.mai, og var då gytefisk. Den vart vekke etter gyting, for så å komme att i juli og då var den full av raudåte og feit og fin. På slutten var den så feit at me kalla den for stokkmakrel og eigna seg best til røyking. Straumen i Sognefjorden var på denne tida svært sterk. Me måtte alltid vere to for å sette ut garn slik at ikkje straumen tok dei ut av kurs. Som unge var eg ofte med mine tre eldre brødre å sette garn. Om vinteren vart auregarna utstyrt med søkke slik at dei sto på botn. Då fiska me pale rett utfor naustet ved Kveitevikneset. Fangst under 50 pale på eit garn var lite fisk. Tørka pale er favorittmaten min. Me åt fisk til middag minst 5 dagar i veka. Det blei alltid kokt rikeleg. Kattane var så bortskjemde at dei ville ikkje ha rå fisk. Fekk me ufisk på line som pigghå og havål blei desse kokt i ein stor kjel ute og gitt til hønene. Ellers fekk me brosme, lange, bjørkelange, kveite og ein del andre jupvassfiskar på lineseta. Ein del fisk vart selt, mykje var gitt vekk.

Me var utan veg på denne tida og måtte i båt til alt me skulle. Eg er derfor oppvaksen i ein robåt på Sognefjorden. Då eg var 7 år begynte eg på skule i Ikjefjord, og 3 dager i veka reiste eg med skyssbåt frå Massneset til Ikjefjorden og attende. Eg veit derfor korleis vær, vind og straumforholda var på 50 og 60 tall. På vestavind kunne værforhold vere frå gode til storm så skyssbåten ikkje kunne gå og eg måtte vere heime. På østavind gjekk eg ein kilometer til vestsida av Massneset og hoppa ombord i skyssbåten der. Men her var det alltid motstraum. Når sjøen flødde går straumen inn i Sognefjorden og dette gjorde til at sjøen med austavind blei høgare og krappare enn ved medstraum. På fjærande sjø gjekk straumen ut Sognefjorden og Ikjefjorden, med straumen ut Ikjefjorden trefte Storholmen som ligg midt i utløpet av fjorden og den styrer straumen motstraums av Sognefjorden inn mot Massneset. Straumen ut Holmesundet var så sterk at det var vanskeleg å ro den og det var mykje fisk her og ein god fiskeplass. Denne straumen ut av Ikjefjorden var så sterk at den øste opp grov sjø ved utløpet av fjorden og ei ekstra krapp straumstripe ved Brendeholten midt mellom Holmesundet og Massneset. Skyssbåten måtte ofte slakke farten for denne straumsjøen. Denne bakevja som danna seg her ved vestsida av Massneset er ventleg grunnen til at Massneset vart Sognefjordens beste fiskeplass. For denne sterke straumen kom også med næringsrikt vatn frå Ikjefjorden. Me kunne sjå straumranda der den pressa seg inn langs Massneset motstraums av Sognefjorden. Når så Sognefjorden begynte å flø att blir dette vatnet ført vidare forbi Krossen og opp på vikane og laga sterk straum der og næringsrike forhold for raudåte.

Straumen langs Massneset var farleg å bade i for den var så sterk. Det var kun Kveitevika og Klamra som var brukbare badeplassar for fjorden var også svært kald. Men det næringsrike vatnet frå Ikjefjorden gav ikkje berre mykje fisk i området. Det førde også til eit yrande fugleliv. I Ikjefjorden var Bukkeholmen makrelterna sit rike. På Storeholmen var småmåsen dominerande. Ellers var det måsereir, ternereir og tjeldereir langs alle strender på 50 og 60 tallet. Ærfugl hekka også. Om vinteren kom det alke, lund, lomvi, teist, alkekonge og fiskeender på Sognefjorden. Skarv var heller sjelden på denne tida. I 1966 kom minken til området her. Den øydela hekkeområda for fugl langs strendene. Den fortrenga også oteren som her var ein del av på 50 og 60 tallet. Men den var svært sky og eg såg aldri levande oter, berre spor. Måsen flytta opp til husa og hekka i trea og på hustak. Men dei fleste ungane vart drepne når dei kom ned på bakken. Rundt 1990 kom oteren attende og tok over territoriet frå minken att, og no er minken nesten vekke. Oteren er no vanleg å sjå langs strendene og er lite sky. Måsen hekkar framleis på hustaka. Det er lite måse å sjå langs strendene, det er tydelig lite mat der. Det går mest i makk på bøane. Når eg no får nokre makrellar eller ein lyr på garn så er det sjeldan det kjem ein måse på sloet. På 50 og 60 tallet var der 100 med ein gong.
I 1960 begynte eg i storskulen og i 1962 fekk me 4 og 5 skuledagar og då reiste eg 5 dagar i veka til Ikjefjorden i båt. Ellers vart det ofte ein tur i helga og ved andre ting me skulle vere med på. Om vinteren låg det ofte is inst i Ikjefjorden. Dette skuldast at Østerbø og Ikjeelva førde med seg mykje ferskvatn som så fraus på fjorden. Mjølkeruta og bybåten braut opp mykje av denne isen som så dreiv ut fjorden. Om våren på snøsmeltinga i fjellet hadde me mykje isdannelse på Ikjefjorden. Ved klart vær med austavind og 5 plussgrader på Massneset, var Ikjefjorden heilt still og islagd ut til munningen med ein tomme tjukk is som skyssbåten ikkje greidde bryte. Eg har mange gonger måtte gå heile Ikjefjorden til endes for å komme på skulen om morgonen. Om kvelden var som regel isen smelta så mykje at båten kom heilt opp i Ikjen. Sola smeltar snøen om dagen som så rann ned i fjorden om kvelden og fraus til is om natta.
I 1960 bygde far min kai på Massneset. Tidligare bora me med robåt, båten som gjekk i mjølkerute frå Ikjefjord og til meieriet i Høyanger. Ved kaien var det derfor alltid folk kvar dag og der var det masse fisk å få og sjå. Om sommaren var me sikra fiskemiddag om me tok med fiskestanga på kaien. Torsk, pale, lyr og makrel var alltid bitevillig. Stundom såg me også kveiter som for forbi. Eit stadig sig av laksesmolt ut fjorden såg me heile sommaren. Når me fekk stor lyr for Krossen kunne desse vere fulle av smolt. Eg har talt opp til 13 laksesmolt i ein lyr. Om våren var her mykje småfisk stiklingar av pale. Dei vart vekke om sommaren men kom att om hausten i store stimar 10-12 cm lange som haustmort. All småfisk var full i raudåte og feit. Haustmorten vart året etter til småpale ca 0.5 kg og året etter ca 1 kg. Om her var årgangar som var litt svake så var her likevel så mykje fisk at me merka lite til det.

I 1962 kom glasfiberstanga og kastesluken. Eg var 12 år og fiska det meste me hadde behov for av fisk med kastetroa. Då slapp me å vere to når me skulle dorge. Feriefolk var også om sommaren med på dette fisket og brukte ordet eventyr om fiskemengda og bitevillig fisk ved Krossen. Om haustane og vinteren fiska eg etter hummar og krabbe. Krabben åt me sjølv. Hummaren selde me i Høyanger. Det var ikkje så mange hummarar eg fekk. Det var mest for moro og interessa si skuld. Teinene vart sette på ca 5-10 meters jupn. Mengda med plankton var så stor at sjølv om vinteren var det vanskeleg å sjå botn på 5 meters jupn. Det var litt bedre sikt når det var nordavind. På heile 60-tallet var fisket godt, fiskemengda var også stor. Det var også fiska mykje brisling her og det var steng på Massnesvika og mange andre stader. Og rundt stenga kokte det av pale og anna fisk. Laks var det kun fiska av bnr. 2 på vestenden av Massneset. Det var ein del laks på 60 tallet men mengda var minkande.

Vasskraftutbyggingane var begynt på 50 tallet. Me fekk straum i 1958 frå Vikafalli. Utbyggingane auka på utover 60 tallet med oppstart ved Førdeutbygginga. Den vart avslutta 1970 med dam på Stølsvatn i Ikjefjorden. Det var framleis sterk straum i Sognefjorden og ein god del fisk. Men fiskemengda var minkande. Straumen på Massnesvika var ikkje sterkare enn at eg sette garn åleine. I 1975 fylte vegvesenet att vestre sundet på Ikjefjorden og bygde bru over Storesundet og Storeholmen vart landfast. Dette førde til at småmåsen miste hekkeplassen på Storeholmen grunna ferdsel av folk. No er makelterna vekke og småmåsen har overteke Bukkeholmen. Bakevja inn mot Massneset er vekke. Det same er straumsjøen og straumranda ved Brendeholten. Raudåte, småfisken og haustmorten er også vekke. Det er flaks å få så mykje at ein har middag på kaien no. Det var framleis fisk fram mot 1980 men nedgangen vart merkbar og tiltakande. Krossen var ikkje den same, det var sjeldnare der var fisk. Makrelen er ikkje berre vårgytar lenger, den gyter no langt ut over sommaren. Den blir heller ikkje feit som før om hausten. Dette skuldast at raudåta er vekke. Heller ikkje små lyr og pale er feit lenger og har lite lever, truleg same grunn.

I 1996 var siste brislingfangsten. Den vart teke med lys aust for Massneset og slepa til Avenbukta og stengd der. Juletorsk er det like lenge sidan me har fått. For å få fisk no må det brukast ekkolodd for å finne kvar fisken står og garna må settast på 70-100 meters jupn. Straumen i Sognefjorden er no stoppa i jupna. Det finst berre flo og fjære og vindstraum i overflata. På Massnesvika er det så straumstilt at når eg set makrelgarn så er det som å ligge på eit fjellvatn. Plankton mengda i fjorden er så liten at eg no på vinterstid kan sjå botn på 50 meters jupn. Det såg eg alt på 80 tallet. Det er heller ikkje nokon fare med å bade i fjorden no. Laksesmolt har eg ikkje sett på 40 år. Hegrane som sat langs stranda på 50 og 60 tallet er vekke. Her er ikkje småfisk meir som dei kan fange.

Solgangsvind kalla for havgula er vekke. Det var austavind om morgonen. Smeltevatnet tok kald fjelluft ned i fjorden om natta og lufta pressa seg ut Sognefjorden om morgonen fram til kl. 12. Då hadde sola varma lufta så mykje at den steig opp frå fjorden og og laga vakum som så trekte inn kald havluft frå vest, havgula. Den begynte ca. kl 13 og me måtte skunde oss å bade før desse kalde vindane kom. Den kunne blåse friskt fram til kvelden når sola gjekk ned. Då stilna vinden og fiskeforholda ved krossen vart heilt eventyrlege. Det er det også slutt på. Etter 50 år med vaskraftutbygging og ei attfylling av Veslesundet, og med 50 år med lakseoppdrett kan eg ikkje sjå nokon miljøskade av lakseoppdrettet. Men vasskraftutbygginga og vegfyllinga er katastrofale og skuld i ein økologisk øydelagd Ikjefjord og Sognefjord.

I 1962 starta Erling Osland med oppdrett av regnbogeaure i Fuglsetfjorden. I 1966 starta han også med oppdrett av laks. Dei første åra var prega av mykje prøving og eksperiment. Det rømde og ein del fisk som for det meste vart oppfiska att med garn. På dei 50 åra som har gått med fiskeoppdrett og rømming er det ikkje registrert noko gentetisk påverknad på fisken i elvane her. Dei er ellers nesten tomme for vatn grunna kraftutbygging og produserer derfor heller nesten ikkje villfisk.

Etter 1980 var palefiske ved Massneset så dårleg at eg fekk pale hjå Erling Osland. Han fiska ved laksemærene sine. Det var stor fin pale som var full av lever. Den fann rikeleg med mat rundt oppdrettet og måtte fiskast med agn og troe og sløyast med ein gong ellers vart den øydelagd ved at magesyra vil gå ut i buken og øydelegge fisken. Dette skjedde for dei som fekk desse palane på garn. Dette var vel kjent for oss dersom me var uheldig og fekk småpale på 60 tallet om hausten som hadde ete så mykje raudåte at den sto på makrelgarna. Desse palane kunne ikkje nyttast til menneskemat. No har me ikkje lov å fiske ved mærene, så kor mykje fisk som finst rundt der er no ukjent.

Rømming er sjeldent. Sist rømming eg kjenner til var i 2002 og kom frå anlegga i Gulen der ca. 5000 laks mellom 3 og 5 kg rømde. Det meste vart fiska oppatt. Sjølv fekk eg 43 flotte laksar. Mange gode middagar og mykje røykelaks. Eg merkar ikkje noko negativt med oppdretta. Sjølvsagt tek dei stor plass ved at det ikkje er råd å setje line eller fiske der dei ligg. Men kanskje kan det vere bra at fisken har nokre områder i fjorden der det ikkje blir fiska.

Det blir også påstått at lusemiddela som blir brukt utrydder alle skaldyr rundt anlegga som reker, krabbe og hummar. Dette stemmer ikkje og er ein ikkje-dokumentert påstand. Det ville no også vere merkeleg for lusemiddela har aldri greidd å utrydde lusa. Ein annan myte som også går om oppdrettsanlegga er at dei slepper ut kloakk på størrelse med ein liten by. Dette ser heller ikkje eg noko til. Vassutskiftinga på anlegga som ligg i Sognefjorden er så stor at avføringa frå fisken spreier seg i fjorden og tilfører denne gode næringsstoff. All villfisken som var og er i fjorden slepper avføringa si i sjøen og dette er næringssalter som blir teke opp av algar som seinare blir ny mat for fisken. Det er det same som beitedyra gjer på land. Avføringa går rett ned på beite som så blir til nytt gras att.

Eg har kjent Erling Osland frå han starta med fiskeoppdrett til han døde i 1998. Dei første åra var ikkje kjennskapet særleg stort. Men etter at vegen frå Ikjefjorden til Fuglsetfjorden vart kjøyrande i 1977 vart kjennskapet tettare. Og det var Erling Osland som forklarde meg korleis vårflaumen, elvane og det kalde smeltevatnet fungerte på fjordane og sjøen.

Kaldt ferskvatn er lettare enn saltvatnet og la seg derfor på toppen av fjorden og om natta lett fraus til is som på Ikjefjorden. Dette kalde ferskvannslaget kjølte så saltvatnet som låg under og når dette vart kaldare enn botnvatnet så vart det tyngre og begynte å søkke mot botn og då må botnvatnet opp mot overflata. Dermed vart det ein svak vertikal straum i fjorden som bringa næringsrikt botnvatn opp i lyset slik at fotosyntesen og algane fekk gode vekstvilkår. Samtidig verka det kalde ferskvatnet dempande på algeveksten slik at den ikkje berre vart ei våroppblomstring, slik som no, men slik at næringstoffa og algeproduksjonen varde heile sommaren og hausten.

Ut på sommaren gjekk elvane store heile døgnet med smeltevatn frå høgfjellet og då har dei så stor kraft at dei skubbar sjøen føre seg ut i fjorden. Dette skapar for lite vatn ved elvemunningen og for å kompensere for dette går det derfor innatt under elvevatnet ein kompensasjonsstraum. Det gjer til at fjordane blir rørde opp med næringsrikt vatn og fjordane blir fulle av algar og smådyr kalla plankton. Det er avgjerande for at fiskeyngelen skal leve opp. Det er grunen til at fisken kjem inn i fjordane for å gyte.

Eg forsto dette med ein gong eg fekk det forklart, for dette hadde eg sett med eigne auge då eg sto på berge og fiska på 50 og 60 tallet. Men denne kunnskapen ser no ut til å ikkje finnast hjå dei statlege instansane som skal passe på naturen og miljøet vårt. Heller ikkje miljøorganisasjonane har denne kunnskapen. Staten og miljøorganisasjonane er berre opptekne av toppen på næringspyramiden som villaks og dei store rovdyra. At det er størrelse på botn av næringspyramiden som avgjer kor stor toppen kan vere er heilt gløymd. Får me ikkje retta opp feila ved kraftutbyggingane, får me heller ikkje fisken attende til fjordane. Dei siste 20 åra har det vore ein fiskebil frå Møre som har reist rundt i distriktet her og selt fisk. Det var heilt utenkjeleg for 50-60 år sidan å måtte kjøpe heilt vanleg fisk frå Møre.

 

18.09.16

Asbjørn Massnes, 5962 Bjordal